På austmanhattan, mellom nordre og søre enden(der eg snart skal bu), ligg dei Foreinte Nasjonane sitt bygg(FN). Eit gildt bygg med store glasruter som nordmannen Trygve Lie bygde med eigne hender, med litt hjelp frå svenskane hausten 1948. Det er for lite og trongt no, for det har gått møll i veggane og ein må nå reparere bygget. Difor har FN to store kontorblokker i gildaste gata på Manhattan, og dei har tilogmed klart å få seg kontrakt med låg husleige.
Syklistane, og dei som går tur om kveldane (dvs. dei som les New York Times), arbeider samstundes for å byggje ein veg langs austre river (east elva). Eit par senatorar og kongressmenn, saman med bystyret på Manhattan (dei skal skifte navn til byråd neste år, dei tek etter oslo), ser med dette eit høve til å koke i hop noko (på bakrommet) som gjev pengar til å bygge denne vegen (ca 7 milliardar kr). ( sjå www.eastrivergreenwayNYC.org)
Det gjer ein ved å la FN få lov til å byggje eit nytt stort hus i den einaste parken der aust, slik at dei kan flytte ut av dei subsidierte blokkene og kommunen kan selja desse for svære summar. Svære summar. Så kan ein bruke desse pengane til sykkelsti. Alle er nøgde, med unnatak av oppsitjarane rundt parken. Dei er svært sure.

Dette er storpolitikk på høgt plan. Dersom dette ikkje går, kan FN slutte å fungere. Det viser at fivreld-effekten også gjeld for syklistar. Ein syklist her, og ein syklist der, og til slutt vert det storpolitikk ut av det dersom mange av oss masar om eigne vegar for syklistar.
Eg kjem nyss frå stormøte, /høyring/ på austsida, der fjonge fruer og finansfolk med sleik i håret og kalott på toppen har sagt sitt. (i synagogen på 51 th east mellom 2 av og 3 av). Dei vil ha sykkelsti, men dei vil ikkje gje frå seg parken sin, heller ikkje ein del av den (Robert Moses Park) . NIMBY. Det er kjekt med ein turveg langs elva, slik dei har fått det på vestsida, og det er kjekt at prisane på eigedomar har gått monaleg opp etter at hudson greenway kom på plass. NIMBY. Det er særleg fruene som har mykje kjeftament i denne saka. Dei kjem i lange rekker opp til talarstolen, og fortel om kor glade dei er i parken sin, og det forstår alle vel, for det er ikkje så mykje park på denne sida av Midt-byen. Eg veit ikkje kor mykje husvære her kostar, men eg ser på alle gullsmykka og perlene som damene ber på seg, at ein må vere rik for å bu her. Upper east frå 60 th east ned til 34 th east. Eg vert og skræmd av kor høgt dei snakkar og kor store dei er i kjeften. Dei seier stygge ting til senatorane og kongress-representantane, og det hadde aldri gått i Norge. Dei burde spurt oss når målestokken for ordskiftet skulle leggast opp, tenkjer eg.
Eg hadde tenkt å kaste meg inn i debatten, og lovprisa, på vegne av alle norske turistar og syklistar, ein ny veg av denne typen. Det slapp eg, for senatorane snakka ein heil time om dei tekniske detaljane kring prosjektet. Ikkje for å gjere folk trøytte eller dorske, nei eg trur det var fordi dei snakkar slik dei plar. Det er mykje trøyst i å høyre lyden av si eiga stemme, og eg trur at politikarane snakkar mykje fordi dei då slepp å kjeie seg i slike møte der velgarane i store flokkar kjem og held innlegg. Ikkje i min bakgård. Ikkje hos meg, men hos dei andre.
Syklistane får ikkje lov å sykle gjennom gatene våre, dei må halde seg unna. Kva vil hende dersom almuen får sjå kor kjekt det er å bu her?
Eg sit og halvdøsar litt då det vert stille i salen, og det gjeng ein age gjennom rekkjene med stolar, og eg ser i døra at det kjem inn ein mann der som er norsk, ein mann som kjenner på korleis det er der ute, dvs. her og, og ein mann med så mange jern i elden veit å ri når jernet er varmt, og det er her no, og eg ser at han talar til dei, bestemt, men samstundes audmjuk. Ingen veit som han kor mykje jødane som bur her har lide opp gjennom århundra, og har talar til dei alle, og fortel at dersom ein gjer det slik som vi gjer i Norge, vil ein få ein FN-bygg på plass, slik som Norge, som innførte fred i verda etter den andre verdskrigen på grunn av dei kristne verdiane som Stortinget la til grunn då ein byrja med å støtta misjonærer der ute, og sende traktorar til Afrika.
- I Norge ser vi ikkje berre framover, men og nedover. Norge ynskjer at det nye FN-bygget skal byggjast nedover, og ikkje oppover, slik at ein kan seie at FN vert forankra, eller ankra opp, i dei verdiane som ein har her på manhattan. Alt som er oppe, skal jo ned ein gong, og kvifor ikkje byrja å bygge nedover, seier han og tar ein lang pause, medan han skriv ein ny tale som han skal halde seinare. Alle klappar, og skjønar at han har redda parken deira.
Eg vaknar, og eg har visst sove, og eg ser at alle smiler, og kastar seg rundt armane på kvarandre (sume og rundt halsen), og dei har visst blitt einige og eg går heim, etter å ha opplevd at lokalpolitikken her på austre manhattan ikkje er grei, men at dei burde ha tatt ein telefon til norge. Dei kan berre spørje meg. Eg veit korleis ein skal lage sykkelstiar.
Eg trur at redsla for sykkelveg på austre manhattan heng saman med at dei er redde for at folk byrjar med å ri der og. I USA er retten til å bere våpen og skyte folk på eigen eiedom grunnlovsfesta, og det same er retten til å ri vestover. TV-serien McCloud på 70-talet viser at det fungerer bra å ri med hest på manhattan.
Syklistar skræmer lett fint folk som berre flanerar, og eg trur at dersom det vart innført fartssperre på syklar, ville denne saka gå seg til, som folk som spaserer mykje plar seie.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar